Kjøpsvilkår
Retningslinjer for kjøp og retur av varer kjøpt i nettbutikken til Nordigard Ramstad.
Innleiing
Dette kjøpet er regulert av dei standard salgsvilkåra for forbrukerkjøp av varer over Internett som er definert nedanfor.
Forbrukerkjøp over internett blir hovudsakleg regulert av avtalelova, forbrukerkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og ehandelslova, og disse lovene gir forbrukaren ufravikelege rettar.
Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no.
Vilkåra i denne avtala skal ikkje bli forstått som nokor begrensning i dei lovbestemte rettane, men oppstiller partane sine viktigaste rettar og plikter for handelen.
Salsvikåra er utarbeida og anbefalt av Forbrukertilsynet. For ei betre forståing av desse salsvilkåra, sjå Forbrukertilsynet sin rettleiar her.
1. Avtala
Avtala består av desse salsvilkåra, opplysningar gjeve i bestillingsløysinga og eventuelt særskilde avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtala mellom partene fyrst, så fremt det ikkie strir mot ufravikeleg lovgjeving.
Avtala vil i tillegg bli utfylt av relevante lovbestemmelser som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukare.
2. Partane
Selgar er Nordigard Ramstad, Skjåk Solside 500 2690 Skjåk, post@ramstadbue.no, telefon 480 19 051, org.nr. 983 154 239, og blir betikna i det fylgjande som seljar/kjøpar.
Kjøper er den forbrukaren som foretek bestillinga, og blir betiekna i det fylgjande som kjøper/kjøparen.
3. Pris
Den oppgjevne prisen for vara og tenesta er den totale prisen kjøper skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøper ikkje bera.
4. Avtaleinngåelse
Avtala er bindande for begge parter når kjøparen har sendt bestillinga til seljar.
Avtala er likevel ikkje bindande hvis det har vore skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det forelg ein slik feil.
5. Betalinga
Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunkt den blir sendt frå seljaren til kjøparen.
Dersom kjøparen brukar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet blir belasta same dag som varen blir sendt.
Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utstedt ved forsendelse av vara. Betalingsfristen framgår av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.
Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfylgjande faktura.
6. Levering
Levering er skjedd når kjøperen, eller kjøparen sin representant, har overteke produktet.
Hvis ikkje leveringstidspunkt framgår av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinest 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hjå kjøparen med mindre anna er særskilt avtala mellom partane.
7. Risikoen for vara
Risikoen for vara går over på kjøpar når han, eller kjøparen sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.
8. Angrerett
Med mindre avtala er unnateke frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i henhold til angrerettlova.
Kjøparen må gje seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjer å løpe. I fristen er alle kalenderdagar inkludert. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til næraste virkedag.
Angrefristen er ansett som overholdt dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Kjøper har bevisbyrda for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
Angrefristen tek til å løpe:
- Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpe frå dagen etter varen(e) er motteke.
- Dersom det er solgt eit abonnement, eller avtala innebær regelmessig levering av identiske varer, løper fristen frå dagen etter fyrste forsendelse er motteke.
- Består kjøpet av fleire leveranser, vil angrefristen løpe frå dagen etter siste leveranse er motteke.
Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opprinnelege fristen dersom seljar ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det foreligg angrerett og standardisert angreskjema.
Tilsvarande gjelder ved manglande opplysning om vilkår, tidsfrister og framgangsmåte for å nytte angreretten.
Sørger den næringsdrivande for å gje opplysningane i løpet av desse 12 månadene, utløper angrefristen likevel 14 dagar etter den dagen kjøparen mottok opplysningane.
Ved bruk av angreretten må vara bli levert attende til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dager frå melding om bruk av angreretten er gjeve. Kjøper dekkjer dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre anna er avtala, eller seljar har unnlatt å opplyse om at kjøper skal dekke returkostnadene. Seljaren kan ikkje fastsette gebyr for kjøparen sin bruk av angreretten.
Kjøper kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte for å fastslå vara si art, eigenskaper og funksjon, utan at angreretten faller bort. Dersom prøving eller test av vara går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.
Seljaren er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinest 14 dager frå seljaren fekk melding om kjøparen si beslutning om å benytte angreretten.
Seljar har rett til å halde attende betalinga til han har motteke vara frå kjøparen, eller til kjøper har lagt fram dokumentasjon for at vara er sendt attende.
9. Forsinkelse og manglande levering – kjøparen sine rettar og frist for å melde krav
Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer den for seint i henhald til avtala mellom partene, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i henhald til reglane i kapittel 5 i forbrukerkjøpslova etter omstenda halde kjøpesummen attende, krevje oppfyllelse, heve avtala og/eller krevje erstatning frå seljaren.
Ved krav om misligholdsbeføyelser bør meldingen av bevishensyn være skriftlig (for eksempel e-post).
Oppfyllelse
Kjøper kan fasthalde kjøpet og krevje oppfyllelse frå seljar. Kjøper kan imidlertid ikkje krevje oppfyllelse dersom det foreligg ei hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfyllelse vil medføre ei så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til kjøparen si interesse i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevje oppfyllelse.
Kjøparen tapar sin rett til å krevje oppfyllelse om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremme kravet.
Heving
Dersom selgseljareneren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordre seljar til å levere innan en rimeleg tilleggsfrist for oppfyllelse. Dersom seljar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.
Kjøper kan imidlertid heve kjøpet umiddelbart dersom seljar nekter å levere vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåelsen av avtala, eller dersom kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Blir vara levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåelsen av avtala, må krav om heving gjerast gjeldeande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.
Erstatning
Kjøparen kan krevje erstatning for lidt tap som fylgje av forseinkinga. Dette gjeld imidlertid ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga skuldast hindring utanfor seljar sin kontroll som ikkej med rimelegheit kunne blitt teke i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne fylgjane av.
10. Mangel ved vara – kjøparen sine rettigheiter og reklamasjonsfrist
Hvis det foreligg ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje seljar melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøper har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøper overtok vara. Dersom vara eller deler av den er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.
Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller tilhøve på kjøparen si side, kan kjøparen i henhald til reglane i forbrukerkjøpslova kapittel 6 etter omstendene halde kjøpesummen attemde, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtala heva og/eller krevje erstatning frå seljaren.
Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.
Retting eller omlevering
Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljar kan likevel motsette seg kjøparen sitt krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valder seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal bli foreteke innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å foreta meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.
Prisavslag
Kjøper kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette innebærer at forholdet mellom nedsett og avtalapris svarer til forholdet mellom tingens verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelen si betydning for kjøparen.
Heving
Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.
11. Seljaren sine rettigheiter ved kjøparen sitt misleghald
Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller dei øvrige pliktane etter avtala eller lova, og dette ikkje skuldast seljaren eller forhold på seljaren si side, kan seljaren i henhold til reglane i forbrukerkjøpsloven kapittel 9 etter omstendene halde vara attende, krevje oppfyllelse av avtala, krevje avtala heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren vil også etter omstendene kunne krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uavhenta varer.
Oppfyllelse
Seljar kan fasthalde kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, tapar seljaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.
Heving
Seljar kan heve avtala dersom det foreligg vesentleg betalingsmisleghald eller annavesentleg misleghald frå kjøparen si side. Seljar kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Dersom seljar fastset ein rimeleg tilleggsfrist for oppfyllelse og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heve kjøpet.
Rentar ved forseinka betaling/inkassogebyr
Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i henhald til avtala, kan seljar krevje renter av kjøpesummen etter forsinkelsesrenteloven. Ved manglande betaling kan kravet, etter forutgåande varsel, bli sendt. Kjøper kan da bli halde ansvarleg for gebyr etter inkassolova.
Gebyr ved uavhenta ikkje-forskuddsbetalte varer
Dersom kjøparen unnlater å hente ubetalte varer, kan seljar belaste kjøper med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke seljaren sine faktiske utlegg for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.
12. Garanti
Garanti som blir gjeve av seljaren eller produsenten, gjev kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgjevning. Ein garanti inneber dermed ingen begrensningar i kjøperen sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.
13. Personopplysningar
Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. Med mindre kjøperen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, kun innhente og lagre dei personopplysningar som er nødvendig for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtala. Kjøparen sine personopplysningar vil kun bli utlevert til andre hvis det er nødvendig for at seljar skal få gjennomført avtala med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.
14. Konfliktløysing
Klager må rettast til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvister i minneligheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling. Forbrukerrådet er tilgjengelege på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.
Europa-Kommisjonens klageportal kan også bli brukt hvis du ynskjer å inngje ei klage. Det er særleg relevant, hvis du er forbrukar busatt i eit anna EU-land. Klaga kan du inngje her: http://ec.europa.eu/odr.
Last ned pdf
Standard salgsbetingelser for forbrukerkjøp av varer over Internett