Godt og heimelågå – og 100 % naturleg

Stuttreiste kvalitetsprodukt for heim, hovud og hender – laga av eldsjeler med hjarte for det nære, heimelågå og naturlege. Der har du Ramstadbua.

Det er slik skjåkverane, oss som bur i Skjåk i Gudbrandsdalen, har vore i alle år. Når vi får gjester til gards, set vi fram det beste vi har på bordet.

Det skal vera skikkeleg. Det skal vera heimelågå. Og det skal vera rikeleg.

Slik har det vore gjennom alle tider for oss som bur på På Nordigard Ramstad også, heile vegen frå vi hadde gjestebod frå gamalt av, til vi starta med gardsovernatting, kafé – og etter kvart nettbutikk med blant anna honning frå eigne bier, heimelågå såper og salver.

I 2013 starta vi så smått med å ta imot besøk i meir ordna former i prosjektet «Inn på tunet». Men det var fyrst nokre år seinare det verkeleg tok av.

vertskapet på nordigard ramstad i skjåk
Odd Joar og Gudrun – vertskap for Ramstadbua på garden og på nett.

Nokre få høner vart henta litt lenger nordi bygda. Desse vart starten på Gudbrandsdalsegg, eit eggjande eventyr der vi kvar dag hentar 7 000 egg frå omtrent like mange eigne høner.

Med såpass mange høner å halde styr på, seier det seg sjølv at eitt og anna egget får ein liten sprekk i skallet eller andre skjønnheitsfeil. Desse blir sjølsagt ikkje kasta. Dette vart starten på eit anna eventyr, Gudbrandsdalskaku – ei kake som ar namnespurt både i og uttafor Gudbrandsdalen.

Når du ivrar for dei nære opplevingane, dei gode og naturlege råvarene og det ekte og naturlege, kan du sjølvsagt ikkje la det bli med egg og kaku. Etter kvart fekk vi både landhandel, gardspub og kafé på garden.

Gardsvertinna Gudrun, som alltid har vore oppteken av naturlege produkt utan tilsetjingsstoff, byrja etter kvart å lage eigne, heimlågå såper. Desse er 100 % organiske, og mest mogleg av ingrediensane er henta frå grenda der garden ligg.

Bier kom óg til gards, og dermed var også Gudbrandsdalshonning ein realitet.

Honningen og såpene fekk sin naturlege plass i gardsbutikken Ramstadbua. Og nå har altså den idylliske Ramstadbua fått sin digitale tvilling: Ramstadbua på nett.

Velkommen til gardsbutikken vår!

nordigard ramstad der mange av produkta i nettbutikken deira er laga