Bivoksark, håndlaga bivoksark med norsk bivoks, 3 pk

Produktnummer: I/A

Bivokspapir er eit bærekraftig alternativ til plast. Brukast som nistepapir eller til oppbevaring av mat. Perfekt for den miljøbevisste. Bivoksarka med honning frå Nordigard Ramstad i Skjåk er håndlaga, og laga av norsk bivoks.

kr 269

PÅ LAGER - 1-2 DAGERS LEVERING

Kategori:

Beskrivelse

Bivoksark frå Nordigard Ramstad er eit bærekraftig og dekorativt alternativ som du kan erstatte mykje av kjøkkenplasten med.

Dei håndlaga bivoksarka er laga av bomull som er innsett med bivoks, jojobaolje og treharpiks. Voksen og oljen hindrar uttørking av bivoksarket, og treharpiksen gjer arket føyeleg slik at du kan brette det over matvarer og skåler.

Det er brukt utelukkande norsk bivoks i arka. Norsk bivoks er den reinaste voksen i verda. Du får difor eit heilt naturleg og kortreist produkt ved å velge bivoksark frå Nordigard Ramstad i Skjåk.

Bivoks er naturleg og antibakterielt, og blir brukt for å gjera ting vanntett og lufttett. Bivoksark passer derfor perfekt til matoppbevaring.
I tillegg brukes bivoks til å gjere ting vasstett og lufttett.

Nye bivoksark kan virke litt klissete i starten. Dette er heilt vanleg, og kjem seg etter ei tids bruk.

Bruksområde: Bivoksarka er fine til å pakke inn matpakka, dekke bake- eller saltabollen, pakke inn grønnsaker, ost, brød og andre matvarer. Du kan med andre ord bruke arka på same måte som du elles ville brukt plastfilm, plastpose og aluminiumsfolie. Arka skal ikkje brukast til rått kjøtt, fisk eller ananas.

Ingrediensar: 100 % norsk bivoks, bomull, jojobaolje, treharpiks

Storleik: 25 x 25 cm, 30 x 30 og 40 x 40 cm.

Haldbarheit: Godt og vel eit år (ved pen bruk)

Vaskeinstruks: vask med lunka vatn for å unngå at voksen smeltar (smeltar ved 62 – 65C).

Avfallsinstruks: Heile produktet kan kildesorterast. Fint å bruke som tennbrikett.

OmtalerSkriv en omtale

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Bivoksark, håndlaga bivoksark med norsk bivoks, 3 pk”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *